Nominasjonskomiteens endelige innstilling til fylkesvalgliste for Buskerud Arbeiderparti
Endelig listeforslag fra nominasjonskomiteen.
Nominasjonskomiteen for Buskerud Ap har levert si endelege innstilling til partiet.
Endeleg vedtak skjer under nominasjonsmøtet i fylkeshuset i Drammen laurdag 7. nov.
Lista er ei god blanding av erfarne og nye kandidatar, dei representerer ein variasjon i alder, yrkesbakgrunn og geografisk breidde. Mange av kandiatane kjenner Buskerud godt, og har gjennom den siste perioden vist at dei kan representere og utforme politikk for både byar og bygder i vårt varierte fylke.
Det er med stor glede komiteen foreslår Tonje Enersen frå Drammen som vår fylkesordførarkandidat, Mons-Ivar Mjelde frå Ringerike som gruppeleiarkandidat og Lirigzona Berisha frå Ål og Bjørn Tore Ødegården frå Kongsberg som våre topp fire. Dei vil ha eit særskilt ansvar for å forvalte og drifte partiet og utforme politkk i tråd med fylkespartiprogrammet, som også blir vedteke den 7. nov.
Solveig Vestenfor,leiar av nominasjonsnemnda