Arbeiderpartiet satser på Hallingdal!
For Arbeiderpartiet er det viktigare enn nokon gong at vi arbeider for vekst. Vi har vore gjennom ein pandemi som har satt store spor, og mange har opplevd å verta permitterte og miste jobben. Samstundes ser me at dei økonomiske stønadene til næringslivet ikkje har treft godt nok. Difor er eit sterkt fokus på vekst viktigare enn nokon gong tidlegare.
For Hallingdal vil det innebere at vi jobbar for eit sterkt og bærekraftig reiseliv, desentralisert utdanning og eit bærekraftig landbruk.
For å oppnå vekst er vi avhengige av kunnskap og kompetanse. I Hallingdal finn vi mellom anna vidaregåande skular og fagskular som er viktige for kompetanseutviklinga i regionen. For Arbeiderpartiet er det viktig at kompetanseutviklinga både er framtidsretta og tilgjengeleg. Difor er vi opptatt av å sikre eit desentralisert kompetansetilbod basert på det næringslivet lokalt, regionalt og nasjonalt etterspør.
Vidare ser vi også eit behov for ein aktiv næringspolitikk i Hallingdal. Reiselivsnæringa står spesielt sterkt, og ein ser tydeleg viktigheita av gode rammevilkår for næringa. Arbeiderpartiet vil stille med målretta og langsiktige tiltak for reiselivet i Buskerud.
No som koronapandemien går mot ein slutt, ser Arbeiderpartiet viktigheita av å fortsette å løfte fram og vera ein god samarbeidspartner for reiselivsnæringa. Vi vil auke støtta til regional utvikling, sikre meir pengar til kommunane og til Innovasjon Norge.
Vi ser også kor sentralt det er å satse på ulike former for turisme i Hallingdal. Aktivitets- og mosjonsturisme er i frammarsj, og vi står klare for å bidra til å styrke dette. Kulturturismen blir stadig meir populær og har eit stort potensiale i Hallingdal. For å lukkast med å utvikle kultur som næring, trengst mellom anna pengar til forprosjekter og pengar til igangsettingsfasen, i tillegg til tette samarbeid mellom aktørane. Difor vil vi legge frem ein ny handlingsplan for kultur og næring, og gå gjennom dagens verkemiddelapparat for næringsdrivande slik at dei treff kunst- og kulturutøvarane betre.Arbeiderpartiet vil også sørge for betre berekraft i landbruket gjennom auka tilskota til bruk av utmarksbeite, setring, klimatilpassing og investering i jord. Vi vil ha ei meir rettferdig fordeling av inntektene innan matproduksjon og redusere inntektsgapet mellom dei som jobbar i jordbruket, og andre i samfunnet.
Det er viktigare enn nokon gong at vi stiller opp for distrikta. Det er gjennom ein aktiv næringspolitikk og eit fokus på kompetanseutvikling vi kjem i mål. Arbeiderpartiet vil satse på Hallingdal!Even A. Røed, 3. kandidat, og Solveig Vestenfor 4. kandidat og ordfører på Ål.