Stortingskandidat

Heidi Granli

Heidi Granli

Gol Arbeiderparti sin ordførarkandidat er Heidi Granli!
Heidi er 34 år og bur i Petterbråten i Gol sentrum. Ho har vakse opp i Gol men då på Rotneim og med unntak av hennas år som student har ho vore busett på Gol. Draumen er sjølvsagt ein dag å flytte attende til hennes grend, Rotneim.
Heidi er sjukepleiar av yrke og har jobba som det i både kommune, stat og i det private. Ho har både jobba ved Hallingdal Sjukestugu, den interkommunale legevakta for hallingdal og i Hallingdal og Valdres Bedriftshelseteneste.
Av politisk erfaring har Heidi vore aktiv frå ho vart spurd om å stå på liste for Gol Arbeiderpati attende i 2011. Det resulterte i at ho vart sittande i kommunestyret og utval for kultur og levekår i si fyrste periode. På grunn av at dåværande ordførar var sjuk og gikk bort rykka Heidi opp i formannskapet tre av dei fire åra i perioda 2011-2015. Ved valet i 2015 stilte Heidi som Gol Arbeiderpati sin ordførarkandidat og valet ville det slik at ho også vart ordførar. Ho sit som ordførar i kommunestyre og formannskap, men møter også i dei andre fagutvala, samt arbeidsmiljøutvalet, adinistrasjonsutvalet, råd for eldre og menneskjer med nedsett funksjonsevne og Gol ungdomsråd.
I hennas periode som ordførar frå 2015 – 2019 har Heidi også vore engasjert i fylkespartiet og det nasjonale partiet. Som representantskapsmedlem i Buskerud Arbeideparti har ho vore med på å påvirke politikken i fylket og som medlem i Arbeiderpartiets distriktsutval har ho også vore med å påvirke det nasjonale partiets distriktspolitikk. Ho har også fått væra med på dei siste tre landsmøtene til Arbeiderpartiet.
Heidi er engasjert i det meste, og det å vegje ut hjertesakar er vanskeleg når du har fått moglegheiten gjennom å væra ordførar til å bli kjent med dei fleste utfordringane som fins lokalt. Frå fødsel til død definerar omfanget av sakar ein er borti. Men det er kanskje spesielt dei eldre samt barn og unge som har ein spesiell plass på Heidi sin agenda. Ein verdig alderdom med kvalitet i tenestene og gode oppvekstvillkår er viktige sakar. I tillegg veit Heidi kor viktig det er å få alle i arbeid og at alle har eit arbeid å gå til. Dette har ho sett påverkar distriktspolitikken i aller høgste grad.
Heidi er ikkje oppfostra sosialdemokrat, ho er ein naturleg sosialdemokrat og alle grunnverdiane i Arbeiderpartiet står sterkt hjå ho; friheit, likheit og solidaritet!
Me i Gol Arbeiderparti er stolte over å presentere vår ordførarkandidat til haustens kommuneval!